Vis ett enkelt innlegg
  #18  
Gammel 11-10-2007, 09:51
karimor karimor er offline
Senior Member
 
Medlem siden: Apr 2005
Sted: Nord-Vestlandet
Meldinger: 1,551
Thanks: 6
Thanked 31 Times in 20 Posts
karimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond reputekarimor has a reputation beyond repute
Standard

Vi henviste jo også til Bjørn Grinde i vårt opprinnelege brev til Barneombudet, så eg kan godt oversende vårt brev og svara til han, berre som eit innspel på området.

Eg er også slik passe fornøgd med responsen. Syns det er litt synd at helsesøstrene berre vart utfordra på Wahlgren-videoen og ikkje i det heile tatt på å vurdere sin eigen praksis og dei tilrådingane dei kjem med kvar dag på helsestasjonane. Dette var jo også ein sentral del av brevet vårt.

Og sjølv om eg skjønner at barneombudet må prioritere sin innsats, slik at dette kanskje ikkje kjem heilt på topp på arbeidslista, syns eg jo at ombudet tok lite hardt i når dei skriv at dei "....stiller seg nokså undrande til den framgangsmåten som her blir presentert."

Og kvifor i all verda vårt brev skulle unntakast offentlegheit? Det kan eg ikkje fatte og begripe, sjølv med grunnfag offentleg rett! Vi vil jo også mykje heller ha offentlegheit rundt dette vi, ikkje sant!
__________________
Mamma til
Oda, jan 2003
Lillesøster, mai 2006
Svar med sitat